Meny
Velg avdeling Lassa - Tjensvoll
Hovedbygg, Tjensås Hemmestveitbakken 11 4021 Stavanger Telefon: 51913500 Send oss e-post
Nedre Tjensvoll Ole Reidstadsgate 2 4021 Stavanger Telefon: 51 91 35 10
Redaktør: Reidun Topland Larsen
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<desember 2019><<
desember 2019
mtotfls
25262728293001
02030405060708
09101112131415
16171819202122
23242526272829
30310102030405

Datoar for foreldresamtalar/utviklingssamtalar blir i veke 49, tysdag 3/12 og torsdag 5/12. Tidspunkt henger på tavla på avdelinga. 

Mvh 

Karin Haga Karstensen

Pedagogisk leiar på Lassa


Rammeplanen seier:

"Leken skal ha en sentral plass i barnehagen, og lekens egenverdi skal anerkjennes. Barnehagen skal gi gode vilkår for lek, vennskap og barnas egen kultur".

Nyleg fekk me nyss i at Tone er systera til sjølvaste kaptein Sabeltann, og på måndag hadde Tone med seg eit brev frå broren sin. Instruksjonane var klare; om me ville ha skatten, måtte me bli sjørøvarar. Ungane er i full gong med forvandlinga, og det er tydeleg at det er sjørøvarblod i årene til fleire av ungane frå før. ;)

Her er nokre glimt frå sjørøvar-leiken, og litt andre bilete frå den siste tida på Lassa. 

Klemmar frå alle oss på Lassa

PS: Karin har ferie tom.25/11, men kan nås på e-post karin.haga.karstensen@stavanger.kommune.no

Det blir utviklingssamtalar/foreldresamtalar i veke 49


Hei.

På grunn av stengt svømmehall 28.oktober, fikk vi en ekstra dag. Siste dag med svømming blir derfor mandag 18.november. :)

 

Med vennlig hilsen oss på Stokkavannet og Lassa


Rammeplanen seier:"Barna skal jevnlig få mulighet til aktiv deltakelse i planleggingen og vurderingen av barnehagens virksomhet. Alle barn skal få erfare å få innflytelse på det som skjer i barnehagen".

 

I dag feira me Halloween på Lassa. Rannveig og Tone formidla eventyret om spøkelsesbarna som skifta farge, med smaksprøvar til alle fargane, og alle som ville fekk ansiktsmaling. Mange ville og ha på kostymer, og det var skikkeleg Halloween-stemning på avdelinga heile dagen. I går fanga me ein edderkopp og hadde i eit syltetøyglass, og i dag var det spindelvev på heile avdelinga. Kunne det være lille Eddie som hadde laga alt det? ;)

Takk for ein leken og fin dag saman med ein ivrig gjeng! :)

Klemmar frå alle oss på Lassa


 

Rammeplanen seier:

"Barnehagen skal legge til rette for kulturmøter, gi rom for barnas egen kulturskaping og bidra til at alle barn kan få oppleve glede og mestring i sosiale og kulturelle fellesskap. Barnehagen skal by på varierte impulser, opplevelser og erfaringer og omfatte lokale, nasjonale og internasjonale perspektiver".

 

I dag har dei eldste ungane fått oppleve russiske eventyr på russisk-norsk teater i barnehagen. Opplegget styrkar båndet mellom ulike kulturar og er med på å synleggjere ulike morsmål. Ungane fulgte nøye med, og me fekk til og med være med og synge ein russisk sang. :)

 

Takk til Veilederkorpset for arbeid med flerspråklige barnehagebarn, Johannes læringssenter, og spesielt Marianne Stenerud som formidla forestillingen saman med flerspråkleg assistent Rosa Khodzhaeva. 


Hei hei.

Veka starta ikkje heilt som planlagt for ivrige førskuleungar, då me fekk beskjed om at svømmehallen var stengd. Men etter ein 'tommel ned for svømmingen' omstilte ungane seg fort, og etter ein tur innom Mosvatnet for å mate endene, fekk me bli med resten av gjengen i turnhallen. :) 

Då me hadde hatt ei god økt i turnhallen smakte det godt med mat ute, og me koste oss ute i barnehagen etter at me kom tilbake. 

Takk for ein deilig oktoberdag saman med fine ungar! :)

Klemmar frå alle oss på Lassa


Hei.

Dei siste vekene har me brukt mykje tid på FN-dagen. Me har malt lykter, malt med garn, samla blader og laga bokmerker. Ungane har fått høyre om Nanah frå Sierra Leone, og me har snakka litt om barnerettigheter og kor heldige me er her i Noreg. Ungane fekk eit lite innblikk i kvardagen utan leiker og med lang veg til reint vatn. I dag prøvde Karin å bære vatn på hovudet, og ungar og vaksne vaska hendene sine i ei bolle med vatn og såpe før lunsj. Me ser at ungane er engasjerte, og mange ville dele både sine og foreldra sine sparepenger. ;)

 

Litt kvardag har me og hatt, med fotball, delfin-bananer, bakvendtland, studentar, legekontor og mykje anna kjekt.

Tusen takk for flotte veker saman med ein reflektert gjeng! Og tusen takk for et kjempeoppmøte på FN-dagen! :)

Klemmar frå alle oss på Lassa


I dag har me hatt tidenes avslapping på Lassa! Me har lest bøker, sett på film, spelt spel og hatt bamsesjukehus. Til ei kvar tid har det og vore ein liten gjeng i 'kosehaugen', med puter og tepper me kunne legge oss oppi. Deilig og avslappande! :) 

Litt mat i magen måtte det jo og bli, så Tone har diska opp med ostesmørbrød på toast-jern og deilige muffins som me fekk pynta. Til fruktmåltidet fekk me deilige grønnsaker og dip. 

Tusen takk for ein nydeleg dag, med strålande fornøyde ungar (og enkelte foreldre) i pyjamas og god helg til alle mann! 😊🥳 

 

Klemmar frå alle oss på Lassa