Velkommen til informasjonssida for Sjernarøy barnehage. På denne sida finn du informasjon om barnehagen.
Åpningstider: 07:30-16:30
Avdelingsleiar: Jarand Larsen-Rodvelt
Adresse: Sjernarøyvegen 898, 4170 Sjernarøy
Telefon: 456 07 269
Sjå oversikt over våre fantastiske tilsette: HER.
Barnehagen slik me kjenner den i dag, opna i 2011 og har lyse og fine avdelingar. Uteområdet vårt blei oppgradert i 2022 og nye leikeapparat og uteplassar er i bruk kvar dag. Barnehagen er omgitt av flotte naturområder, og me har eigen strand og brygge der me bruker havet og sjøen så ofte me kan.
Barnehagen er liten med kun éin avdeling. Me har tett samarbeid med Sjernarøy SFO, og deler barna i grupper både ut i frå alder, interesser og dagsform.
I barnehagen er me 5 fast tilsette og nokre vikarar. Me har og eit tett fagleg samarbeid med Fogn og Ombo barnehage.