Meny
Velg avdeling Forside
Kvålevegen 2 4340 Bryne
Telefon: 47685010 Send oss e-post
Redaktør: Siri Øgaard
Innlogging for ansatte
Logg inn
Diverse dokumenter

Værvarsel fra yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Kva er ein open barnehage?

Brynelunden opne barnehage blei starta i 1995. Time kommune hadde då for lite barnehageplassar, og dette blei eit viktig supplement for barn som ikkje fekk "vanleg" barnehageplass.

I open barnehage treng ein ikkje søka om plass. Det er ein møteplass for dei som er heime med foreldre eller andre omsorgspersonar på dagtid.

I open barnehage er det mange aktivitetar som i ein vanleg barnehage; forskjellen er at her må dei ha med seg ein vaksen. Personalet legg til rette for ulike aktivitetar, f.eks. samlingsstund, formingsaktivitetar, måltid og leikesituasjonar.

I tillegg kan ein bli kjent med andre småbarnforeldre, og barn kan få nye leikekameratar.

Vi legg stor vekt på den sosiale delen ved å møtast, og oppfordrar alle til å bidra til eit godt miljø. I neste omgang ynskjer vi at det kan føra til eit godt oppvekstmiljø i Time kommune.

Vi ynskjer at alle skal bli sett, og vi har eit motto: "Ein framand er kanskje ein venn du ikkje er blitt kjend med ennå!"

Lykke til!

Velkommen til open barnehage!