Meny
Vel avdeling Gaupeklubben
Talgjevegen 171 4163 Talgje Vis på kart
Telefon: 51912280, 40466756 Send e-post til oss
Redaktør: Randi S. Christophersen
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<desember 2019><<
desember 2019
mtotfls
25262728293001
02030405060708
09101112131415
16171819202122
23242526272829
30310102030405
des
24
2019
Julafta - barnehagen stengjer kl.12
Heile dagen
For å nytte siste rest av sommaren tok me turen til Gardsvågen idag.

Då har nytt barnehage år kome i gong til stor glede for både born og vaksne! August får ikkje eige månedsbrev så her kjem det litt info om korleis dagane på Varden vil bli.

Kjære foreldre i Talgje barnehage  

I snart to veker har det vore aktivitet i barnehagen att etter sommarstengde veker. Borna har hatt mykje å fortelja og det har tydelegvis vore kjekt å treffa att venene sine, både for små og store. Me har også så vidt byrja å ta imot nye vener som har hatt sine fyrste dagar her hjå oss. Me håpar at de alle har hatt eit godt møte med barnehagen, anten de kom inn porten for fyrste gong eller at de kom attende etter sommarferien.  

Nå står eit nytt barnehageår for døra. Eit heilt år, med blanke ark som skal fyllast med leik, læring, venskap og aktivitet på Talgje. Torsdag 15. august er fyrste dagen i det nye barnehageåret, og onsdag 14. august er det planleggingsdag for personalet. Barnehagen er diverre stengd denne dagen, og eg veit at det ikkje er ein gunstig dag å organisere for de foreldre som nett er komen inn i kvardagsrutinane att etter ferien. Denne dagen er likevel ein av dei viktigaste planleggingsdagane personalet har i løpet av eitt år. Då skal året og arbeidet setjast med gjennomgong av både fagleg innhald og fyrstehjelpskunnskap, viktige prosedyrar og rutinar, for at de og barnet dykkar skal møte ein trygg og innhaldsrik barnehage når me startar opp det nye barnehageåret.



På Varden har me snakka om at blomar treng vatn for å voksa og bløma. I dag hadde me eit eksperiment i Gaupeklubben der me la ein blome av papir i vatn, og såg at den opna seg og blomstra.

I dag gjekk ein ivrig Gaupe-gjeng avgårde på tur. Dei gjekk over gjerdeklyvaren og ned mot Edlarvågen.

I tjukk skodde la Gaupenklubben i veg på tur til leikeplassen i Gardsvågen i dag.