Kjære foreldre i Talgje barnehage
I snart to veker har det vore aktivitet i barnehagen att
etter sommarstengde veker. Borna har hatt mykje å fortelja og det har tydelegvis
vore kjekt å treffa att venene sine, både for små og store. Me har også så vidt
byrja å ta imot nye vener som har hatt sine fyrste dagar her hjå oss. Me håpar
at de alle har hatt eit godt møte med barnehagen, anten de kom inn porten for
fyrste gong eller at de kom attende etter sommarferien.
Nå står eit nytt barnehageår for døra. Eit heilt år, med
blanke ark som skal fyllast med leik, læring, venskap og aktivitet på Talgje.
Torsdag 15. august er fyrste dagen i det nye barnehageåret, og onsdag 14. august
er det planleggingsdag for personalet. Barnehagen er diverre stengd denne
dagen, og eg veit at det ikkje er ein gunstig dag å organisere for de foreldre
som nett er komen inn i kvardagsrutinane att etter ferien. Denne dagen er
likevel ein av dei viktigaste planleggingsdagane personalet har i løpet av eitt
år. Då skal året og arbeidet setjast med gjennomgong av både fagleg innhald og
fyrstehjelpskunnskap, viktige prosedyrar og rutinar, for at de og barnet dykkar
skal møte ein trygg og innhaldsrik barnehage når me startar opp det nye
barnehageåret.