Info-Varden
Då har nytt barnehage år kome i gong til stor glede for både born og vaksne! August får ikkje eige månedsbrev så her kjem det litt info om korleis dagane på Varden vil bli.
Publisert: 22.08.2019 09:30 Sist endra: 22.08.2019 09:34 Forfattar: June Christensen
I august har me fokus på tilvenning og bli kjende med nye born og få treffa allerede kjende born igjen. Me tar dagane litt slik som dei kjem og følgjer bornas initiativ. Det blir mykje lek inne og ute og me startar så vidt opp med løveklubb/gaupeklubb.
Dette barnehageåret vil me gjera ting litt annleis. Me vil ha to turdagar i veka. Desse dagane blir onsdag og torsdag. Grunna tilvenning kjem me ikkje til å ha planlagte turar i august. Men plutselig går me på ein spontan tur :-) Noko anna som er nytt for året er at barnehagen sørger for niste på turdagane, borna treng altså ikkje å ha me niste heimefrå. Det er fint viss borna fortsatt har sekk slik at dei kan bære eiga drikkeflaske, bytteklede og gjerne eit sitjeunderlag. Når me kjem skikkelig inn i rutinar og slikt, forhåpentligvis i september så er det fint om borna er i barnehagen seinast 9.15. På turdagane vil me gå allereie då. Og dei andra dagane vil me starte dei pedagogiske aktivitetane då. Er det noko meir dykk lurer på så ikkje vær redd for å ta kontakt! :-) Me gler oss til eit kjekt år saman med borna dykkar :-)