Meny
Vel avdeling Framside
Talgjevegen 171 4163 Talgje Vis på kart
Telefon: 51912280, 40466756 Send e-post til oss
Redaktør: Randi S. Christophersen
Det er 6 dokumenter i arkivet.
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<desember 2019><<
desember 2019
mtotfls
25262728293001
02030405060708
09101112131415
16171819202122
23242526272829
30310102030405
des
24
2019
Julafta - barnehagen stengjer kl.12
Heile dagen
Velkommen til nytt barnehageår

Kjære foreldre i Talgje barnehage  

I snart to veker har det vore aktivitet i barnehagen att etter sommarstengde veker. Borna har hatt mykje å fortelja og det har tydelegvis vore kjekt å treffa att venene sine, både for små og store. Me har også så vidt byrja å ta imot nye vener som har hatt sine fyrste dagar her hjå oss. Me håpar at de alle har hatt eit godt møte med barnehagen, anten de kom inn porten for fyrste gong eller at de kom attende etter sommarferien.  

Nå står eit nytt barnehageår for døra. Eit heilt år, med blanke ark som skal fyllast med leik, læring, venskap og aktivitet på Talgje. Torsdag 15. august er fyrste dagen i det nye barnehageåret, og onsdag 14. august er det planleggingsdag for personalet. Barnehagen er diverre stengd denne dagen, og eg veit at det ikkje er ein gunstig dag å organisere for de foreldre som nett er komen inn i kvardagsrutinane att etter ferien. Denne dagen er likevel ein av dei viktigaste planleggingsdagane personalet har i løpet av eitt år. Då skal året og arbeidet setjast med gjennomgong av både fagleg innhald og fyrstehjelpskunnskap, viktige prosedyrar og rutinar, for at de og barnet dykkar skal møte ein trygg og innhaldsrik barnehage når me startar opp det nye barnehageåret.


Dei fyrste vekene i barnehagen vil bli prega av at både nye og gamle barn skal læra kvarandre og rutinane i barnehagen å kjenna. Her er det mange overgongar på ein gong. Dei som er heilt ferske, skal finne tryggleik hjå nye omsorgspersonar i barnehagen, og nye måltids- og soverutinar skal prøvast ut. Me har nokre store små frå Øygarden som skal byrja på stor avdeling, og der kan kvardagen vera annleis enn den har vore fram til nå. Det kan vera at samlingstunda er organisert på anna vis, køen er lengre når ein skal vaska hendene eller at ein nå får anledning til å gjera noko som ikkje var like vanleg på den førre avdelinga. Det er også ein milepæl og stor tas for dei som er førskulebarn og går siste året i barnehagen. For dei ventar det mykje spanande dette året, og det veit dei veldig godt sjølv også. Endeleg er det deira tur å gå i Løveklubben og gjera andre skuleførebuande aktivitetar. Me har nye vaksne, og for dei vert også oppstarten av eit nytt barnehageår ein overgong og noko heilt nytt. Oppstarten av eit nytt barnehageår er slik sett like spanande for alle.  

Nye spanande dagar ligg altså ubrukte føre oss, og me gler oss til å ta fatt på denne vegen i lag med de foreldre og borna dykkar. Me gler oss også til å ta imot alle de nye som kjem til oss utover i august månad. VELKOMMEN skal de vera!  

Men fyrst er det altså planleggingsdag og stengd barnehage onsdag 14. august. Torsdag 15. august er det vanleg dag, og de vil også få utdelt årsplanen vår for barnehageåret 2019/2020 denne dagen.  

Tysdag 3. september er det foreldremøte. Då vil de få høyra meir om korleis oppstarten har vore, og avdelingane vil presentera sine planar for året. Innkalling og meir info om dette kjem når det nærmar seg.  

Ta gjerne kontakt dersom de har spørsmål eller noko er uklart. Og gje beskjed dersom me manglar nokre mailadresser, så skal me sikre at alle foreldra mottek mail og informasjon frå barnehagen. Og heilt til slutt, nok ein gong: ❤leg velkommen til eit nytt barnehageår i Talgje barnehage!        

Mvh Randi S. Christophersen  

Styrar i Hagatoppen barnehage, Talgje barnehage

Telefon 51714140, 51912280, 40466576