Meny
Vel avdeling Framside
Talgjevegen 171 4163 Talgje Vis på kart
Telefon: 51912280, 40407630 Send e-post til oss
Redaktør: Ellen Gudmestad Gard
Det er 6 dokumenter i arkivet.
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<august 2020><<
august 2020
mtotfls
27282930310102
03040506070809
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31010203040506
Om oss

Talgje barnehage ligg på Gard på øya Talgje, som er knytt til Rennesøy og Finnøy gjennom Finnfast. Barnehagen har to avdelingar, Varden 3-6 år og Øygarden 0-2 år.Opningstidene er kl.7.00-16.30 kvar dag, utanom 5 planleggingsdagar i året.  Barnehagen held stengt tre veker kvar sommar.

VæreSammen-programmet om sosial kompetanse er kjernen i barnehagen.  Det handlar om vaksenrolla i møte med borna, og det handlar om samspelet borna imellom, med fokus på venskap og det å bry seg om kvarandre.  Der skal vera rom  for at alle skal få vera seg sjølv, men gje plass til andre, slik at dei får vera seg, slik Løvelova frå VæreSammen-programmet seier. 

Aktivitet og sunt kosthald er ein del av barnehagen sin profil.  Barnehagen har gymsal, og nærområdet med gamle kulturminner og flott natur som gjer stor anledning til fysisk aktivitet. 

Visjonen for barnehagen - Store på dei små - signaliserer at i Talgje barnehage skal der vera stor kunnskap og kompetanse på barn, og der skal vera god plass for små og store menneske.