Språk
I Talgje barnehage jobbar me dagleg med språk og språkstimulering.
Språkstimulering handlar om å støtta borna i deira språkutvikling, om å gje dei ord og uttrykksmåtar for eigne tankar og få bruka språket hensiktsmessig i samhandling med andre. Språkstimulering føregår i alle deler av barnehagedagen. Den gode samtalen rundt bordet, i leik og påkledning der barn og vaksne har meiningsfylt kommunikasjon er avgjerande for barnet si språkutvikling. Det styrkjer også barnet si tru på seg sjølv som ein verdifull person. Når born lærer seg språk, brukar dei ord og lydar, og minst like viktig er det å læra begrepa og innhaldet i orda. Å sjå på bilete saman med dei minste borna og samtala om det ein ser, er med å utvida språkverda deira. Den gode samtalen skal stå i fokus i alle situasjonar i barnehagen, enten me er på tur, bytter bleie eller bygger med duplo. Høgtlesing er eit viktig element i borna si språklæring. Når me bruker bøker i samlingsstund og elles, vil me leggja vekt på å skapa forventning til kva boka handlar om, kva som kjem til å skje i boka og gje rom for refleksjon rundt innhaldet. Me kan undrast saman over kva me ville ha gjort viss me var med i forteljinga. Kanskje me kan laga våre eigne tekstar…