Meny
Vel avdeling Framside
Talgjevegen 171 4163 Talgje Vis på kart
Telefon: 51912280, 40407630 Send e-post til oss
Redaktør: Ellen Gudmestad Gard
Det er 6 dokumenter i arkivet.
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juni 2020><<
juni 2020
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405

OPEN BEREDSKAPSTELEFON TIL BARNEHAGEN

Ellen - 40407630          

Nils Petter - 90592888

SUPPORTTELEFON - MENTAL HELSE OG STINE SOFIES STIFTELSE - 116 123 (tast 2)

HELSESTASJONENS FAMILIESENTER - 51508098 eller 95275211

Regjeringen kom i går med en pressemelding med utgangspunkt i at det nå er lite smittespredning i landet. Dette gjør at en hel avdeling i barnehagen og en hel skoleklasse kan være én kohort.

Et nytt system med rødt, gult og grønt lys skal avgjøre hvilke smitteverntiltak som gjelder i barnehage og skole. Trafikklysmodellen skal gjøre det enklere å gjennomføre barnehage- og skolehverdagen, samtidig som smittevernet ivaretas. 

Fredag ettermiddag kommer det en ny smittevernveileder for barnehager og skoler som tar utgangspunkt i det nye systemet.  Smittevern i Stavanger vil på bakgrunn av føringene i trafikklysmodellen vurdere hvilket nivå som skal gjelde for Stavanger. 

Barnehagene vil innen onsdag 3.juni gi nærmere informasjon om praktiske endringer som følge av det nye systemet


17.mai feiring i ei annleis tid.

Nokre bilder frå dei siste vekene.

Mopp og Mikko forbereder seg til 17 mai i sammen med ungene fra øygarden

Det har vore aldeles strålande dagar denne veka, og strålande born og vaksne i barnehagen.  Takk for velvilje og positivisme i denne spesielle situasjonen.

Signala får styresmaktene er at me fortset også neste veke med opningstid frå 9.00-15.00.  Der kan verta endringar i kohortar og oppmøteplass viss der er fleire born som kjem tilbake til barnehagen - og det ynskjer me jo!  De får beskjed viss kohortane til borna dykkar endrar seg.

Omsorgstilbodet forset for dei som treng det.



Øygarden kosa seg på turen på stranden.

Kohort 3 har vært på tur dei tre første dagane etter oppstart.

Regjeringen har bestemt at foreldrebetalingen skal gjenopptas når barnehager og SFO gjenåpnes nå i april. Det betyr at kommunale barnehageplasser vil bli fakturert fra og med 20. april, mens plasser i SFO vil bli fakturert fra og med 27. april.

Det vil ikke bli fakturert matpenger i april verken for barnehager eller SFO. Foreldre vil bli fakturert i henhold til reglene i forskrift om foreldrebetaling. Dette gjelder uavhengig av antallet timer tilbudet omfatter.

 


En fantastisk tur til lekeplassen med minste barna i dag.

Tenk, no er me tilbake i barnehagen❤  Lyden av leikande barn, glad latter og begeistring fyller lufta.  SLIK skal det høyrast ut i ein barnehage.  Det ser ut til at både born og vaksne er heilt klar for å endeleg få møtas att.  Smittevernrutinane er på plass og personalet passar trygt og bestemt på at hender vert vaska og at me bare leiker med dei me er i gruppe med. 

Eg tenkjer at her er det gjort eit godt arbeid på førehand av dykk foreldre med å førebu og forklara til borna dykkar om det nye livet i barnehagen og av personalet som har gjort ute- og inneområde klar til ein annleis barnehagekvardag.

TUSEN TAKK!

Sjølvsagt er det ein ekstra bonus at våren også kom for fullt denne veka, slik at alle kan vera ute og gå tur rundt på den fine øya vår.


Her kjem ei lita oppklaring til innlegget frå Stavanger kommune.  Det er skrive med tanke på store barnehagar i Stavanger, og me tenkjer at det ikkje er så relevant for oss på Talgje.  Difor held me fast på opningstida frå 9.00-15.00 denne veka.  Då står dei vaksne klar for å ta imot dei store ute og dei yngste inne.  De vil få beskjed kva vaksen barnet dykkar skal vera saman.  Borna står også klar til å verta henta kl.15. Skulle dette verta vanskeleg i høve smittevern, får me vurdera det i løpet av veka. 

Me gler oss veldig til å ta imot barnet dykkar og skal gjera alt me kan for å skapa ein trygg og gild barnehagekvardag.



Etter kvart som det uvanlege har blitt ein vane, så kan det likevel røyne på å stå oppreist i foreldrerolla dag etter dag. Nå står påskedagane for tur, og sjølv om det blinkar både barnehage- og skuleåpning ein stad langt der framme, så kan det likevel vera nyttig å ta med seg nokre nyttige tips på kvardagsvegen. Nettet bugner av mange som vil oss vel, og det gjeld å manøvrere seg gjennom jungelen av velmeinande tips.

Her kjem eit par gode tips frå oss:

Familievernet Bufetat: Her finn ein gode råd til å handtera konfliktar og andre utfordringar ein måtte ha på heimebane. Det er også eit lågterskeltilbod, så ta gjerne kontakt eller søk dei opp på nettet for rådgivning i samband med kriser, konflikter og vanskar.

Det varme blikket, ved Liv Berit Tønnesen: Mange kjenner nok namnet frå eit foreldremøte me hadde i Kulturstova for eit par år sidan. Liv Berit er ei raus, driftig og dyktig dame som byr på veiledning til både foreldre og pedagogar som treng veiledning i oppdragerrolla si. På Facebook har ho live innlegg der ho gjer gode råd. Det er så absolutt verdt å ta turen digitalt innom sida til Liv Berit. Der treff du ei fargerik dame som garantert vil fange interessa di og gje deg gode råd å ta med seg på vegen din, som kanskje er litt bratt og humpete om dagen.


Å så karse er lettvint, ein treng ikkje så mange ting og ein kan bruke "det ein har" for handa. Her er det brukt tomme drikkeyoughurtflasker, men maisboksar og anna tomgods kan også fint nyttast.

Ha i bomull, hell på vatn og strø frøa over. Sett dette på ein lys stad og pass på at det ikkje tørkar ut. Om få dagar byrja det å spire, og de har snart karse som smakar godt på brødskiva eller som anna tilbehør.


I morgon 6. april klokka 12.00 vil me anbefala alle å logge på Facebook, leite fram til Læringsverkstedet si side, og blir med når gode venn Frode Selvaag lagar mat på direkten der klokka 12.00. Her vil nok både små og store bli inspirert til matlaging i heimen vil me tru.

Du treng:

Raud, blå og gul konditorfarge

Glass

Tørkepapir

Framgongsmåten og bilete som illustrerer finn de i dokumentmenyen til høgre.


Fysisk aktivitet er viktig for barn og vaksne i alle aldrar, og kvifor ikkje utfordre både seg sjølv og andre i husstanden med ei hinderløype?

Ein av våre pedagoiske leiarar har laga til eit supert opplegg for å enkelt kunne gjennomføre ei hinderløype heime. Denne kan de ha både ute og inne, alt etter vær og plass.De finn forslaget til hinderløype i dokumentet til høgre i margen.


Her blir både foreldre og barn engasjerte, og aktiviteten kjem under fagområdet SPRÅK, TEKST OG KOMMUNIKASJON i Rammeplanen:

Lage spå; brett spå, la barna fargelegge og bestemme kva som skal stå inni. Skriv tal i spåen saman med barna. Ein kan også teiken bilete i staden for å skrive. Tilpass spåen etter alder og modning.


Påsken er like om hjørnet, og for nokon kan dette vera ei utfordrande tid. Då er det greitt å vite om at sjølv om mykjer er stengt ned, så er det likevel mange som er her for å hjelpa deg og dine. 

Vedlagt finn de kontaktinformasjon til følgende instansar:

- Leiarteamet i Finnøybarnehagane

- Mental helse

- Alarmetelefonen for barn og unge

- Barnevernvakta


På Facebook er det mange som  tilbyr live streamingar av konsertar og  anna som skjer. Søk og leit opp det som kan vera aktuelt.

I morgon 1. april klokka 11.00 - 11.30 held Stavanger Symfoniorkester ein digital konsert der dei fortel historia om "Skinnvotten". Det var dette eventyret dei også skulle ha formidla til oss på den planlagde mini-konserten som vart avlyst i barnehagen vår for nokre veker sidan. Finn fram til SSO si facebook-side kor konserten vert streama live i morgon. Konserten passar for barn i alderen 2-6 år.


Kjære foreldre!

Dette er underlege dagar - og annleisdagar.  De gjer ein kjempeinnsats i denne situasjonen som de vart kasta inn i.  Likevel veit me at det kan røyna på for alle å takla desse kvardagane med alle begrensningane. 

Øverst på sida ligg der telefonnummer til barnehagen som de kan ringja viss de treng nokon å snakka med.  Der ligg også Supporttelefon - Mental helse og Stine Sofies stiftelse. 

No tilbyr også Helsestasjonens familiesenter veiledning pr. telefon.  Det kan vera eit godt alternativ viss ein kjenner behov for å snakka med nokon.  Dei seier at dei har stengt for oppmøtekonsultasjon og alle kurs er avlyst, men dei er klar til å gje veiledning viss behov. 

Telefon 51508098 eller 95275211.