Meny
Vel avdeling Framside
Skavøypoll 6718 Deknepollen
Telefon: 990 28 763 Send e-post til oss
Redaktør: Janne Halsør
Det er 10 dokumenter i arkivet.
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Vi tek i bruk foreldreappen Tieto Edu App

Vi er no klare for å ta i bruk foreldreappen Tieto Edu App for å betre komunikasjonen mellom barnehage og heim
Vi tilbyr ein ny mobilapplikasjon for Skavøypoll barnehage. Appen vil hjelpe deg som føresatt å halde kontakt med barnehagen på ein oversiktleg og trygg måte.  

Om appen 

Applikasjonen er utvikla av Tieto, som er tilbydaren vår for fagsystem innan oppvekst. Den er knytt opp mot skule- og barnehagesystema, slik at alle opplysingar om barnet/barna, vil kome fram når du nyttar appen. Du kan mellom anna: 

* Melde fråvær, samt sjå fråværsoversikt. 

* Halde kontakt med pedagogisk leiar, gjennom meldingar. 

* Registrere Tidsskjema for når barnet ditt er i barnehagen. 

* Få nyhende frå  avdelinga og barnehagen din.   

Når du bruker appen må du logge deg inn med ID-porten (MinID/BankID/Comfides etc). Du kan laste ned appen til både Android og iOS. Appen heiter Tieto EDU. 

Når kan du laste ned appen? 

Du kan allereie no laste ned appen i anten Google Play eller App Store.  Hugs at vi er i starten med å nytte appen, og bruker nok litt tid på å ta i bruk alle funksjonane. Viss du ser feilopplysingar eller liknande kan du melde dette til post@kinn.kommune.no. 

Viktig 

Skriv aldri sensitive personopplysning i kommentarfelt eller i meldingar til barnehagen. 

Hastemeldingar må alltid ringast inn til avdelinga. 


Rettleiarar 

Nedanfor kan du laste ned rettleiarar til korleis du kan bruke appen og få fullt utbyte av den: 

https://kinn.kommune.no/vare-tenester/oppvekst-og-utdanning/tieto-foreldreapplikasjon/