Meny
Vel avdeling Framside
Skavøypoll 6718 Deknepollen
Telefon: 990 28 763 Send e-post til oss
Redaktør: Janne Halsør
Det er 10 dokumenter i arkivet.
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Redusert foreldrebetaling for husstandar med låg inntekt

Ei ny nasjonal ordning for reduksjon av foreldrebetalinga i barnehage vart innført frå 1. mai 2015. Den går ut på at ingen hushaldning skal betale meir enn 6 prosent av inntekta for ein barnehageplass.

Ei ny nasjonal ordning for reduksjon av foreldrebetalinga i barnehage vart innført frå 1. mai 2015. Den går ut på at ingen hushaldning skal betale meir enn 6 prosent av inntekta for ein barnehageplass. Hushaldningar som har ei samla brutto inntekt på 548 500 kroner og mindre, kan søke om reduksjon i foreldrebetalinga for barnehageplass. Barnet må ha heil plass i barnehage. Søskenmoderasjon vert rekna ut etter redusert sats jf. vedtak for det eldste barnet.

Ordninga er regulert i Forskrift om foreldrebetaling i barnehage, Det er kommunen som barnehagemynde som har ansvar for denne ordninga, men omfattar både kommunale og ikkje-kommunale barnehagar. Dei som har barnehageplass i private barnehagar sender søknad om reduksjon i foreldrebetalinga til kommunen. Det må sendast ny søknad for kvart barnehageår innan 15.juni, for å vere sikre at nytt vedtak er på plass før første faktura vert sendt ut for neste år. Søknad om redusert foreldrebetaling sendast til Vågsøy kommune, og avsendar får tilsendt vedtak for eit barnehageår om gongen. Ein kan elles søke om barnet starter i barnehagen midt i året og/eller om ein får redusert inntekt i løpet av vedtaksperioden.

Meir informasjon og søknadsskjema finn du vedlagt.

 

Ta kontakt dersom noko er uklart.