Meny
Vel avdeling Framside
Bergekrossen 4110 Forsand
Telefon: 51700164 Send e-post til oss
Redaktør: Synnøve Lerang

Forsand barnehage er ein kommunal barnehage.

Barnehagen er ein basebarnehage, og har idag fire basar med aldersinndelte grupper. 

Tilbud:2, 3, 4 og 5 dagars tibod

Åpent:
07:00 - 16:15
(Utvida åpningstid ved behov: 06.15-16.30)

Vi ønskjer alle, både nye og gamle velkommen til eit nytt barnehageår i Forsand barnehage.

På denne sida finn du generell informasjonom barnehagen, som årsplan og vedtekter.

Månadsplan, nyhetsbrev og anna informasjon om basane og gruppene finn du på MyKid. På MyKid kan du og sende direkte beskjedar til barnehagen.

Frå 01.01.20 blir Forsand og Sandnes kommune slått saman til ein ny kommune. Dette vil føre til endringar mellom anna når det gjeld opptak, vedtekter for barnehagen og andre rutinar. Det vil bli oppdatert informasjon om endringar i løpet av barnehageåret.

Vi håper alle, både barn og foreldre, får eit fint år her i barnehagen. Er det noko du lurer på, er det bare å ta kontakt.


Forsand barnehage er ein kommunal barnehage med om lag 45 barn, fordelt på to basar og 14 tilsette. Grønn base er for barn i alderen 1-2 år, og Rød base er for barn i alderen 3-5 år. 

Vi har store og flotte lokaler og gode uteområder, både rundt barnehagen og i nærområdene.

Barnehagen legg vekt på å nytte naturen og nærmiljøet, med skog, fjell og sjø. Vi har naturgruppe for 4-5-åringane, og alle barna i barnehagen går på tur minst ein gong i veka. Det er og førskolegruppe to dagar i veka for alle 5-åringane i barnehagen. Barnehagen arbeider for å bli ein EQ-barnehage. Det inneber at vi har fokus på å fremme barna sin emosjonelle intelligens, og dermed styrke deira språkutvikling og evne til å byggje relasjonar. Vi arbeider for at alle barn i barnehagen skal oppleve tryggleik og trivsel, gjennom nære og gode relasjonar til trygge vaksne og til jamaldrande barn. Vi ønskjer at barna skal forstå og kunne uttrykke eigne kjensler, og samstundes kjenne att andre sine kjensler. Ved at dei vaksne som er saman med barna, lytter til og repsekterer barna sine kjensler, vil barna lære å respekter eigne og andre sine kjensler. 

Barnehagen legg og vekt på leik og tilrettelegging av barnas eigen leik.

Søknadsfristen for barnehageplass er 1. mars. Søknadsskjema finn du på her:  https://skjema.kf.no/more/wizard/wizard.jsp?wizardid=834&ouref=1129

Meir informasjon om barnehagen finn du i Årsplanen for 2019-2020 og i barnehagen sine vedtekter.


Nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetaling

1. mai 2015 vert det innført ei nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetaling. Den seier at ein husholdning ikkje skal betala meir enn 6 prosent av inntekta si for ein barnehageplass. Foreldrebetalinga skal bereknast ut frå husholdninga si samla skattepliktige person- og kapitalinntekt. Dette betyr at alle husholdningar med skattepliktig person -og kapitalinntekt under 533.500 har rett til redusert foreldrebetaling. Frå 2019 er det innført ordning med 20 timar gratis kjernetid for 2-3-4-og 5-åringar, for familiar med låg inntekt. For 2019 vil familiar med samla inntekt under 548.500 kroner ha rett til gratis kjernetid.  Det er kommunen der barnet er folkeregistrert som skal handsame søknadar om reduksjon. Søknadsfrist for å søkje om reduksjon i foredrebetaling er sett til 15. juni. Rettleiing og søknadsskjema finn du i menyen til venstre på denne sida.