Meny
Velg avdeling Forside
Engrappstubben 1 4352 KLEPPE
Telefon: 51786552 Send oss e-post
Lucia feiring
13.12.2018 kl 23:59
00
dager
:
00
timer
:
00
min
:
00
sec
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Informasjon om Sørhellet

Sørhellet er ein kommunal barnehage i Klepp kommune som åpnet i 2007. Me har 24 heile plassar til barn under 3 år og 48 heile plassar til barn over 3 år. Talet på barn over og under 3 år vil vera fleksibelt i tråd med vekslande behov for barnehageplassar.

Barnehagen har tilsette i 17,4 årsverk, kor 8 av desse er pedagogstillingar. I tillegg har barnehagen etter behov tilsette frå fagtemaet i Klepp kommune. Sørhellet barnehage er tilrettelagd for barn med spesielle behov og har ein universell utforming både inne og ute. Opningstida i barnehagen er: 07.00 – 16.30. Max tid for kvart enkelt barn er 9 timar pr. dag.

OMSORG, LEIK OG LÆRING I EIT ANERKJENNANDE OG INKLUDERANDE MILJØ. 

Alle barn kan noko, og meir skal me læra. I Sørhellet tek me utgangspunkt i kva barna kan og arbeidar vidare derfrå. Barn utvikler seg i ulikt tempo og har derfor ulike grenser for kva dei tør og vil. Barna skal få ulike utfordringar slik at dei aukar eigne meistringsferdigheiter. Me skal ha eit inkluderande miljø kor kvart enkelt barn blir teken godt vare på, og me har tilpassa aktivitetar og opplæring for alle barna. Me har i dag stor kompetanse på teikn til tale, og teikn til tale skal vera ein naturleg del av barnehagen. Meistring og deltaking for alle skal vere i fokus i Sørhellet. Me skal leite etter moglegheiter og ikkje ha fokus på hindringar. Det blir skrevet individulle opplæringsplanar og halvårsrapportar saman med foreldra, og me har jamlege foreldresamtalar etter behov. Rammeplanen legg føringar for kva barnehagen skal jobba med, og våre hovudområde sikrar at me ivareteke rammeplanen.

Danning, god framferd, leik og læring

Sensitive, omsorgsfulle og leikande vaksne

Meistring og medverknad

Sørhellet barnehage sine verdiar:

OMSORG, LEIK OG LÆRING I EIT ANERKJENNANDE OGINKLUDERANDE MILJØ.

OMSORG – ein relasjon prega av nærleik, lukke, innleving og nært sampel.

INKLUDERING – eit miljø prege av toleranse, empati, mangfald og likeverd.

ANERKJENNING – eit miljø prega av meistring, vera rause, medverknad ogbekreftelser.

BARNEHAGEN SINE EIGNE OMRÅDE FOR SATSING

På bakgrunn av ståstadsanalysen, medarbeidarkartlegginga og vurderingar i driftsstyret er det følgjande områder som vil vera med i kompetanseplanen for personalet, i foreldresamarbeidet, og i det direkte arbeidet med barna.Arbeidet med Være Sammen , Marte meo, egenledelse i lek og læring og Trygghetssirkelen blir den største satsinga når det gjeld kompetanseheving for personalet. Alle disse teoriane tek utgangspunkt i leik, inkludering, relasjons og tilknyttningskompetanse og vaksenrolla. Alle områda er knytte inn i kjerneprosessane.

  • "Være Saman”
  • Marte meo
  • ”Egenledelse i lek og læring”
  • ”Tryggleikssirkelen”
  • Medverknad (barn)
  • Utvikling av årsplan /utviklingsplan /implementering av satsingsprogramma
  • Rettleiing av personalet
  • Dagleg kommunikasjon med alle foreldra
  • Engasjerte og sensitive vaksne/personal
  • Auka fokus på kultur, undring, utforsking og magi
  • Tydlegare samanheng/synleggjering mellom ny rammeplan og daglege gjeremål og aktivitetarI
  • Sørhellet har me prosjektarbeid i dei aldersinndelte gruppene for å sikra progresjon og tilrettelegging
  • Gjennom prosjektarbeid ynskjer med å skap ein kultur for undring, kreativitet, magi og meistring, 

Rammeplanen legg føringar for barnehagen sitt arbeid med dei ulike fagområda. Dei skal integrerast i det daglege arbeidet både i planlagde aktivitetar og samlingar, men og uformelle situasjonar. Progresjonsplanar i dei aldersinndelte gruppene er eit godt verkty i dette arbeidet. Fagområdet språkblir særleg vektlagt. Årshjulet gjev ein oversikt over ulike tema med stikkord for kva barnehagen skal ha fokus på, i tillegg til høgtider og merkedagar.