Aktiv kvardag (nøtteliten)
Publisert: 02.02.2012 skrive av: Nancy
Denne veka har me utforska og leika i naturen i godt kaldt vær. Me har fått kjennskap til eventyret om bymusa og landmusa. I forminga har me hatt fokus på håndmotorikk og dei har fått bruka ulike typar formingsmaterial.
Raud gruppe på tur.
Publisert: 01.02.2012 skrive av: Rita / Asta
I dag var raud gruppe på tur for å sjå kor to av barna bur. Mykje å sjå og oppleva på vegen. Me var detektiver og såg etter raude skilt, forbud og påbud familien. Matpausen hadde me på ein leikeplass, og det var godt med kakao i kulda.
Viktig info
Publisert: 01.02.2012 skrive av: Marianne
Søknad om barnehageplass (til alle kommunale og private barnehagar for august 2012)
Alle søknader om barnehageplass skal skje elektronisk. På www.time.kommune.no vil de finna elektronisk barnehagesøknad.Søknad om barnehageplass for barnehageåret 2012/13 må vera registrert innan 1. mars 2012.
Alle som har barnehageplass i ein kommunale eller private barnehagar og ønske å bytte barnehage, må søkja på nytt. Dei som får innvilga bytte av barnehage mistar automatisk noverande plass.Svar på tildelt plass vert sendt ut pr. post og mail i veke 12
Søknad om plass i skulefritidsordning frå august 2012.
Alle søknader skal skje elektronisk. På www.time.kommune.no vil de finna elektronisk søknad for plass i SFO.Søknad om plass i SFO må vera registrert innan 1.mars 2012.
Svar på plass i SFO vil verta sendt ut pr.post og mail i veke 11.
Endring av opphaldstid i barnehagen og SFO
Ønske ein å endra dagar i barnehage eller timetall i SFO frå august 2012. Må dette gjerast elektronisk innan 15. februar 2012.
Gjeld både søknad om barnehage og søknad om SFO:
De kan få hjelp til å søka i ein av dei kommunale barnehagane, på biblioteket eller ved servicetorget i Time rådhus.
For meir informasjon: sjå www.time.kommune.no
Bibliotektur
Publisert: 31.01.2012 skrive av: Marianne
Idag har me vore ei gruppe på biblioteket. Der las me mange bøker, leika og åt lunsj.
Det var eit knallflott vær å være på tur i :)
Tur i fint vinterver.
Publisert: 31.01.2012 skrive av: Asta
I dag har tirsdagsgruppa gått på tur i skogen. Me klatra og ballanserte på tre og steiner, me fant død fugl og fugle/kattespor i snøen, og me var hos hunden Lara.
Gjennom arbeid med kropp, bevegelse og helse skal barnehagen bidra til at barna: (rammeplanen)
-får gode erfaringar med friluftsliv og uteliv til ulike årstider.
-utvikle glede ved å nytta naturen til utforska og kroppsleg utfordring.
Sjå fleire artiklar >>