Meny
Se mer Framside
Kjølvikstølen 2 4235 Hebnes
Telefon: 52795710 Send e-post til oss
Redaktør: Ingrid Schibevaag

PÅSKEFRUKOST I BARNEHAGEN  

Me i barnehagen inviterar foreldre, søsken og besteforeldre til påskefrukost torsdag 17.mars. kl.7.30 til 9.00.

Dette er ein flexi frukost, så du kan komme og gå når det passar deg.  




Minnar om planleggingsdagen 3.mars. Barnehagen er då stengd

Minner om innlevering av vinterferielappen fredag 5.februar

Foreldreundersøking i Kjølvikstølen barnehage.

Barnehagane i Suldal kommune skal i løpet av november månad delta i ei foreldreundersøking i regi av Utdanningsdirektoratet. Dette er ei nasjonal undersøking, der formålet med undersøkinga er at foreldra skal få seie si meining om korleis dei opplever barnehagetilbodet og barnas trivsel i barnehagen. Ut frå dei svara me får, vert målet å kunne nytta oss av resultata til vidare utviklingsarbeid av barnehagane. De vil få eit lite informasjonsskriv i hylla til barnet dykkar, og sjølve undersøkinga vert gjennomført elektronisk.


Fredag 13.november 2015 er barnehagen stengd. Personalet i barnehagen er på oppvekstkonferanse om Mobbing.

Vår nye medarbeidar,Nicky Tamara Jongejeugd, startar hos oss tysdag 13.oktober. Ho skal vere ilag med blå gruppe. Ho skal arbeida onsdagar og fredagar. Ta vel imot ho.

15.oktober Haustfest

26.november FORUT - kafe

14.desember Lucia

17.desember Julefrukost

22.desember Nissefest for barn og personal

Det kan bli endringar!


Barnehagen inviterer liten og stor, far og mor, lillesøster og storebror, bestefar og bestemor, til haust fest:

Torsdag: 15.10 kl. 14.30-16,00.

Ta med : oppkutta potet/grønnsaker nok til dykk sjølve, om morgonen.

Barnehagen held: pølser, saft, kaffi og kaffimat.

Me er ute så hugs: klær etter været.

Velkomne.


Minner om foreldremøte måndag 5.oktober kl. 19.00

Ingrid Schibevaag - einingsleiar 40% og pedagogisk leiar 20% (til 11.10.15)

Bjørg Marit Fjetland - pedagogisk leiar 80% og fagarbeidar 20%

Elise Birkeland - barne- og ungdomsarbeidar 80% (til 11.10.15)

Kirsten Hebnes - assistent 60%

Ida Linnea Hebnes - lærling barne- og ungdomsarbeidar 100% (til februar 2016)


Tysdag var me på tur oppi skogen . Der var mykje kjekt å finna på. Me "fiska" i "fiskedammen" fant mange fine kongler og laga hytta og bål.

Gutane på gul og raud gruppe saman med Ida Linnea laga seg gardar.Dei dyrka opp ny mark med gravemaskinar.Så var det til å kjøyra skit, pløya, horva og så grasfrø. Tilslutt måtte dei forhausta og leggja i utesilo. Andre dei balla , det gjekk litt raskare. Jentene sykla på asfalten,( det var ta med dag), og laga kaker og fine sandslott i sand kassen.

I dag gjekk alle tur opp til klatre treet. På vegen opp var det mykje å sjå og smaka på. Me fant mange blåbær, bjørnebær fant me og . Dei smakte godt, det blei mange fine blå tunger! Mange "ape kattar " i klatre treet:))

I dag har me baka grove rundstykker. Alle deltok med stor iver,og runstykkene  blei kjempegode.