topLogoSpacer
 

Forsand barnehage

Foreldras arbeidsutval i barnehagen
Publisert: 25.01.2012 skrive av: Synnøve

 I februar vil det vere eit samarbeidsmøte mellom barnehagen og arbeidsutvalet i barnehagen. Har du innspel eller saker du vil ta opp, kan du ta kontakt med foreldrerepresentantane eller barnehagen.

I løpet av våren vil det vere foreldremøte for alle føresette i barnehagen.

 

Foreldremøte
Publisert: 15.09.2011 skrive av: Synnøve Lerang

6.september hadde vi foreldremøte i barnehagen. Referatet frå møte finn du som vedlegg i menyen til høgre på sida.

Representantar til arbeidsutvalet for 2011-2012:

Elsa Haukalid

Mona Larssen KJærvoll

Helen Oaland

John Erevik

Hege Tungland

Velkommen til nytt barnehageår
Publisert: 12.08.2011 skrive av: Synnøve

Sommarferien er snart over, og tysdag 16. august starter barnehagen på nytt barnehageår. (måndag er det planleggingsdag)

Vi håper alle har hatt ein fin sommar, og vi ser fram til å ta fatt på eit nytt år saman med barna dykkar.

Dei første vekene vil vi leggje vekt på at barna skal bli kjende og trygge saman, på ny base og med nye vaksne. Vi tek oss god tid til å leke, vere ute og bli kjent med dei daglege rutinane som gjeld for basen.

Opplegga som til dømes faste turdagar og gardsbesøk startar vi først opp med i september.

I starten av september blir det foreldremøte i barnehagen. Nærmare informasjon vil komme

 

Planleggingsdager i Forsand barnehage 2011-2012
Publisert: 17.06.2011 skrive av: Synnøve

 Måndag 15. august

Fredag 2. desember

Fredag 18. mai

Torsdag 21. juni og fredag 22. juni

Barnehagen er stengd på planleggingsdagane

 

 
 
.