Meny
Framside
Holmevegen 7 6711 Bryggja Vis på kart
Telefon: 57853395 mobil 46814271 Send e-post til oss
Redaktør: Wenche H Nygård
Utvida kristen formålsparagraf

I den kristne trua står den gylne regelen sentralt. «Det du vil at andre skal gjere mot deg, skal du og gjere mot dei.» Denne regelen finn vi og i andre religionar og trussamfunn. Han peikar inn på samspelet mellom menneska. Ut frå eigne ynskje, kan ein også tenkje seg korleis andre ynskjer å ha det. «Du skal elske nesten din som deg sjølv», er ein annan måte å seie det same på. Her er vi ved kjernen i eit godt samspel mellom menneske. For å elske andre, må ein elske seg sjølv. I barnehagen ynskjer vi å gje barna tiltru til seg sjølve, utvikle eit godt sjølvbilete, og gje dei tru på eigne evner og utrustning. Samtidig vil vi prøve å hjelpe dei til å forstå andre og ta vare på kvarandre.

Gjennom å vise barna omsorg, likeverd, respekt og toleranse, vil vi lære barna korleis dei skal vere mot kvarandre. Her kjem tilgjeving inn som ein viktig del. Både vaksne og barn gjer feil. Då er det viktig både å kunne tilgje og be om tilgjeving. Barna lærer meir av det vi gjer enn det vi seier. Dei vaksne sin måte å vere på i samspel med barna og kvarandre, påverkar barna mest. Vi ynskjer at nestekjærleiken skal gjennomsyre heile barnehageverksemda.

I barnehagen vil ein naturleg del av kvardagen vere å formidle den kristne trua gjennom aktivitetar som til dømes lesing, samtale, samling, plansjar, bilete, teikning, forming, og ved hjelp av song og musikk. Vi nyttar forteljingar frå både det nye og det gamle testamentet i Bibelen. Men forteljingane om Jesu liv og lære vert viktigast. Under dette kjem også å formidle innhaldet i dei kristne høgtidene.

Vi har eit nært samarbeid med kyrkja. Kvart år har vi kyrkjevandring. Då får dei eldste barna vere med til kyrkje for å bli kjende med kyrkjebygget, og lære om det som føregår der. Vi har påskevandring der dei to eldste kulla får kome til kyrkja saman med skulebarna i 1. og 2. klasse, og dei vert leia gjennom påskebodskapen på ein visuell måte. På hausttakkefesten får barna lære om at Gud skapte himmelen og jorda, dyra og plantane. Etterpå vert det grønsaksuppe. Vi smakar på noko av det Gud har gjeve oss til føde. Saman med skulen er vi med på Julegudsteneste.