Skal bry oss meir!
Publisert: 27.01.2012 skrive av: Alvhild
Det stalege Barne-, ungdoms,- og familiedirektoratet sette i 2007 i gang eit prosjekt dei kalla modellkommuneprosjektet. Time kommune blei då plukka ut til å delta.
Det skulle arbeidast med rutinar for å gi rett hjelp tidleg.
Dei kommunale barnehagane i Time kommune har nå i tråd med forsøket og statlege føringar utvikla ein ny mal for startsamtale. Denne samtalen får allle foreldra tilbod om når barnet deira starter i barnehagen. Samtalen er laga slik at ein skal få god informasjon om heile barnet, for nettopp å gi rett hjelp tidleg.
Søknad om barnehageplass og SFO plass.
Publisert: 13.01.2012 skrive av: Alvhild Bø
Søknad om barnehageplass
Til alle kommunale og private barnehagar for august 2012
Alle søknader om barnehageplass skal skje elektronisk. På www.time.kommune.no vil de finna elektronisk barnehagesøknad.
Søknad om barnehageplass for barnehageåret 2012/13 må vera registrert innan 1. mars 2012.
Alle som har barnehageplass i ein kommunale eller private barnehagar og ønske å bytte barnehage, må søkja på nytt. Dei som får innvilga bytte av barnehage mistar automatisk noverande plass.
Svar på tildelt plass vert sendt ut pr. post og mail i veke 12
Søknad om plass i skulefritisdsordning
Frå august 2012.
Alle søknader skal skje elektronisk. På www.time.kommune.no vil de finna elektronisk søknad for plass i SFO.
Søknad om plass i SFO må vera registrert innan 1.mars 2012.
Svar på plass i SFO vil verta sendt ut pr.post og mail i veke 11.
Endring av opphaldstid i barnehagen og SFO
Ønske ein å endra dagar i barnehage eller timetall i SFO frå august 2012. Må dette gjerast elektronisk innan 15. februar 2012.
Gjeld både søknad om barnehage og søknad om SFO:
De kan få hjelp til å søka i ein av dei kommunale barnehagane, på biblioteket eller ved servicetorget i Time rådhus.
For meir informasjon: sjå www.time.kommune.no
Nyland barnehage langt over snittet på medarbeidermåling.
Publisert: 10.01.2012

Nyland barnehage ligg langt over snittet når dei tilsette vurderer arbeidsplassen sin. Dette syner ei medarbeiderundersøkning i Time kommune som blei gjort i desember 2011. Dei same spørsmåla blir brukt i 132 norske kommunar.
Variablane som er målte er organisering av arbeidet, innhald i jobben, fysiske arbeidsforhold, samarbeid med kolleger, mobbing/diskriminiering/varsling, næraste leiar, medarbeidarsamtale, overordna leiing, fagleg/personleg utvikling, system for lønn og arbeidstidsordningar, stoltheit over eigen arbeidsplass og ei heilskapsvurdering av trivsel.
Det totale gjennomsnittet i barnehagen er på 5,3 av 6 oppnåelege poeng, medan landssnittet er på 4,5.
Heldige er vi som arbeider i Nyland barnehage!
"Å tenne stjerneøyne hos barn, foreldre og pedagoger"
Publisert: 15.12.2011 skrive av: Alvhild Bø
Onsdag 11. april kl 19 - 20.00 får du som foreldre mulighet til å høre et unikt foredrag av Lou Rossling.
Sted: Frøyland og Orstad Kirke.
Foredragene hennes er fantastiske!
Hun ble i 2003 kåret til "Årets taler" i Sverige.
Påmelding kommer i februar. På grunn av kapasitet må en praktisere "første mann til mølla".
Velkomen til FN-kafè
Publisert: 20.10.2011
Sjå fleire artiklar >>